Frå lokal entusiasme til regional utvikling: reisa til Vest-Telemark bok og papir

Aktuelt

For å bli betre kjent med Vest-Telemark bok og papir AS, tok vi ein prat med dagleg leiar Hilde Hagen-Nielsen.

Kan du fortelje litt om bedrifta di?

Vest-Telemark bok og papir vart åpna i 1985 som ein del av Midt-Telemark bok og papir AS. I 2000 vart den overtatt av lokale krefter her i Seljord og Vest-Telemark bok og papir AS vart danna. I 2013 overtok eg eigarskapet og i 2019 kjøpte me ein bokhandel på Bøsenteret. I 2022 åpna me ein heilt ny bokhandel på Hovenga-senteret i Porsgrunn, som me dessverre måtte avvikle våren 2024. Men 1. mai 2024 overtok me drifta av den andre bokhandelen i Bø og skal nå rigge ein solid bokhandel på senteret, så nå er ringen på ein måte slutta. Som navnet tilseier driv me bokhandel i Seljord og i Bø. Me er medlem av Norli.

I Seljord har me hovedfokus på bøkar og på gåvemarkedet. Me har alt frå kontorartiklar og leiker til gåveartiklar. I Bø har me hovedfokus på bøkar og og pensumbøkar, spel og tegnesaker.

Kor lenge har bedrifta vore aktiv?

Vest-Telemark bok og papir har vore aktiv i 39 år.

Kva er bakgrunnen for at du starta denne bedrifta?

Eg overtok Vest-Telemark bok og papir AS i 2013. Etter at det blei kjent at eg skulle flytte heim til Seljord i 2012, fekk eg spørsmål om eg ville overta, og eg tenkte at eg ikkje kan bu i ei bygd utan ein bokhandel, alternativet var at den hadde blitt lagt ned.

Eg er mest stolt av kollegaene mine.

Hilde Hagen-Nielsen. Dagleg leiar i Vest-Telemark bok og papir AS

Kva er du mest stolt av med bedrifta di?

Eg er mest stolt av kollegaene mine. Me har tillsamman over 100 års erfaring frå bokbransjen og som faghandel er det høgt kompetansenivå. I tillegg er det fleire av oss som har bokhandlerskulen.

Er det spesielle prosjekt eller prestasjonar du vil framheve?

Det er vel det at me ikkje er redde for å ta risiko og prøve ut nye ting. 

Korleis påverkar bedrifta di lokalsamfunnet i Vest-Telemark?

Undersøkelsar viser at bokhandelen er den staden unge lesarar får mest inspirasjon for sine lesevaner. Me ynskjer å legge tilrette slik at det blir ein hyggeleg stad å vera for den aldersgruppa.

Har pandemien endra noko ved måten du driv bedrifta på?

Etter pandemien har me hatt meir fokus på kostnadskontroll enn tidlegare pga usikre tider.

Kva planar har du for bedrifta framover?

Nå skal me i fyrste omgang rigge bokhandelen i Bø slik at me får plass til pensumbøkar og kanskje utvide dersom vi får mogleghet til det. Me har planer om å halde arrangement i begge bokhandlene.

Høg grad av service og kompetanse er heilt avgjerande for oss som faghandel.

Kva vil du seie er nøkkelen til suksess i din bransje?

Høg grad av service og kompetanse er heilt avgjerande for oss som faghandel. God drift og i kompetanse i styret er viktig for å kunne levere operativt og strategisk. Me er avhengige av å vera medlem av ein fremoverlent kjede. På ein liten stad som Seljord er det viktig med lokalt eigarskap, ellers er det fort gjort å bli lagt ned dersom ein ikkje leverar det ein skal. For at ein faghandel skal overleve i eit bransjeglidande samfunn, er det viktig at kundane ser viktigheten av oss og så er det viktig med eit godt samarbeid med kommunane og andre næringsdrivande, slik at ein kan vera ein fast leverandør. 

Kva slags samarbeid har bedrifta di med andre lokale bedrifter og nettverk?

Me driftar den lokale turistinformasjonen og har difor eit tett samarbeid med Visit Seljord. Me har akkurat inngått samarbeid med Studentsamskipnaden i Sørøst-Norge og USN i Bø, det er heilt nytt og spennande for oss. Og så er me medlem av næringlsag og næringsforeningar. Me syns det er viktig å støtte og delta slik at me sammen lokalt og regionalt kan bli sterkare. 

Kva er det viktigaste du ynskjer at folk skal vite om bedrifta di?

Me brenn for at alle, også distrikta, skal ha tilgang på eit breitt utvalg av litteratur. For å få det til må me jobbe kvar dag for å få det til å gå rundt og me treng kva einaste kunde. 

Er du medlem i Vest-Telemark næringsforum og ynskjer at vi skal skrive om di bedrift? Send oss ein e-post.