Medlemstalet har det siste året halde
seg stabilt med noko tilvekst av nye verksemder.
Medlemsverksemdene tel mellom 90 og 100 og har til saman nær 1400 tilsette i sine verksemder. Dette utgjer snaut 40 % av dei tilsette i privat sektor i Vest-Telemark.
Vest-Telemark næringsforum er nøgd med å representere ein såpass stor del av næringslivet
i regionen, men målet er vekst. Dess fleire som står saman, dess større gjennomslag og påverknadskraft vil foreininga ha i viktige saker. Vi vil med det oppmode alle medlemmar til å engasjere seg og bruk foreininga aktivt.