Næringspolitikk

Vest-Telemark næringsforum jobbar aktivt for å fremje medlemmane sine interesser ovanfor ulike offentlige instansar.

Vest-Telemark næringsforum har fokus på rammevilkåra til sine medlemmar – både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Framover kjem Vest-Telemark til å ligge i ein utfordrande posisjon med omsyn på samfunnsutvikling. Dette til trass for høg sysselsetting. Utviklinga i Vest-Telemark er prega av den sterkaste utflyttinga i Sør-Norge. Trass i at næringslivet sin relative del aukar er veksten negativ grunna reduksjon i folketalet og nedgang i offentlig sektor.  Alle gode krefter må derfor drage i lag og engasjement frå politisk- og kommunalt nivå vil ikkje vere nok. Næringslivet må sjølv synleggjere behov for satsing.

Utviklinga vi står framfor får innverknad på alle samfunnsfelt, investering i infrastruktur, folketal, kommuneøkonomi, verkemiddelordningar for etablering og generell distriktspolitikk. Vest-Telemark næringsforum ser at det må bli utvikla sterkare alliansar mellom regionar som har like utfordringar både på kommunalt og på verksemdnivå.

Vest-Telemark næringsforum

  • Eit organ som jobbar for betre rammevilkår for di verksemd, i din region
  • Eit kontaktpunkt for å påverke lokale, regionale og nasjonale styresmakter i næringsarbeidet
  • Jamleg informasjon om viktige og relevante næringslivssaker for Vest- Telemark.
  • Tilbod om ei rekkje kurs og kompetansehevande tiltak, konferansar, medlemsmøter med meir
  • Tilgang til eit større nettverk og fagmiljø innanfor ulike bransjar
  • Deltaking i strategiske planar og prosjekt for heile regionen