Me vil fortelle din bedrifts historie!

Aktuelt

Er du medlem av Vest-Telemark Næringsforum og ønskjer at fleire skal få høyra om verksemda di? Me søkjer no etter medlemmer som er interesserte i å få bedriftshistoria si fram i lyset gjennom ein eksklusiv artikkel publisert på dei digitale kanalane våre.

Målet vårt er å spreia den glade bodskapen om dei fantastiske bedriftene i Vest-Telemark, og me ønskjer å visa fram det unike og innovative ved kvar enkelt verksemd. Dette er ei fantastisk moglegheit for bedrifta di til å nå ut til eit breiare publikum og styrkja det lokale nettverket ditt.

Korleis fungerer det?
Det er lett! Viss bedrifta di ønskjer å bli profilert: Send oss ein e-post og fortel oss litt om bedrifta di.

Me skriv og publiserer
Me skriv ein engasjerande artikkel som framhevar di bedrifts styrkar og suksesshistorier. Artikkelen vil bli spreidd gjennom dei digitale kanalane våre, inkludert dei sosiale media våre og nyheitsbrev.