Næringslunsj i Kviteseid – lær om støtteordningar og utviklingsmoglegheiter

Aktuelt

Torsdag 13. mars inviterer Kviteseid FRAM, Telemark Næringshage, Vest-Telemark Næringsforum og Sparebanken DIN til ein inspirerande næringslunsj i Kviteseid. Her får lokale bedrifter høve til å lære meir om omstillingsprogrammet i kommunen, tilskotsordningar og moglegheiter for utvikling og finansiering.

– Dette er ein god sjanse for bedrifter i Kviteseid og omegn til å få innsikt i kva støtteordningar som finst, og korleis ein kan bruke dei til å styrke og vidareutvikle verksemda si, seier Vegard Angen Johnsen, som koordinerer arrangementet.

Program og tema

Lunsjen startar kl. 11.30 med enkel servering og mingling. Deretter blir det innlegg frå sentrale aktørar:

🔹 Kviteseid FRAM gir ei innføring i omstillingsprogrammet, tildelingskriterium og korleis bedrifter kan søkje støtte.

🔹 Telemark Næringshage presenterer korleis dei kan bistå med utviklingsprosjekt og moglegheita for å søkje støtte til Miljøfyrtårn-sertifisering.

🔹 Sparebanken DIN informerer om kva som krevst for å få bankfinansiering.

Det offisielle programmet sluttar kl. 13.00, men aktørane vil vere tilgjengelege for individuelle møte fram til kl. 15.30. Bedrifter som ønskjer eit «ein til ein»-møte kan nytte seg av eigne møterom.

– Me veit at mange har spørsmål som er spesifikke for deira bedrift. Difor legg me til rette for at deltakarane kan få direkte dialog med oss etter programmet, seier Johnsen.

Praktisk informasjon

📅 Tid: Torsdag 13. mars, kl. 11.30–13.00 (moglegheit for møte fram til kl. 15.30)
📍 Stad: Kviteseid Næringshage, Auditoriet – Kviteseidgata 18, 3850 Kviteseid

Påmelding:

Velkomen til ein lærerik og nyttig næringslunsj!